Våre hundar

Fanta

Fanta er den einaste av hundane våre no som ikkje er av eige oppdrett, men begge foreldra hennar kom frå oss; - Casi av Bjønnsteg 16820/93 og Dino av Bjønnsteg 18988/94.
Fanta har født fire kull, og det er registrert 26 kvelpar etter henne.
Ho er berre stilt på jaktprøve ein gong og har ein andrepremie med 66 poeng.
På jakt har ho vore brukt ein del, men ho har hatt fleire unghundar å konkurera med. Slik har ho berre vore direkte med på fem hjortar.

Fanta vandra over til dei "evige jaktmarker" i juli 2011.
Fanta med ein liten pikhydning

Sofi av Bjønnsteg

Sofi av Bjønnsteg 05282/03 vart fødd 16.03.2003. Foreldra er Fanta 16635/99 og Bas 07324/98.
På bandhundprøve har ho ein fyrste premie med 85 poeng.
Sofi har har vore stabil på jakt og til no er det skote 11 hjortar for henne.
Til no har ho hatt fire kull. Fyrste var med Musti 03990/03, så Saug´s Kaiser 22087/04 og så kullet med Saug´s Mikke 07503/03. Det siste kullet var med F'Bamse av Elgberget. Det er registrert 23 kvelpar etter henne.

Sofi vandra til dei "evige jaktmarker" juli 2011.

Elaphus av Bjønnsteg

Elaphus av Bjønnsteg er født 08.05.2007. Foreldra er Sofi av Bjønnsteg 05282/03 og Saug´s Kaiser 22087/04.
Elaphus er stilt på to bandhundprøvar og har gått til 84 og 85 poeng.
Elaphus av Bjønnsteg

Fjorgyn av Bjønnsteg 24135/08

Fjorgyn av Bjønnsteg 24135/08 vart født 21.09.2008. Foreldre er Sofi av Bjønnsteg 05282/03 og Saug´s Mikke 07503/03. Ho er stilt ein gong på utstilling og har 1 pr. i juniorklasse. HD røntgen viser A.
Fjorgyn er enno ikkje stilt på jaktprøve, men ho lovar svært bra som jakthund.
Denne fyrste jakthausten har eg skote to hjort for henne og det må vera kjempefint etter som ho berre var vel årsgammal.
Den siste bukken gjekk og brølet og vekkte meg om morgonen. Fjorgyn leda meg fram til 15 meters avstand før eg skaut. Det var stort 😀

No har Fjorgyn vore stilt på to jaktprøvar. Fyrste gjekk 2.august -10 og då fekk ho 77 poeng og 1. premie.
I klubbampen som vart arrangert i Kvinnherad 14.-15. august -10 deltok ho også og var med å sikra Hordaland EHK sigeren med ein ny 1. premie og 79 poeng.
Ho har no sikra kvalitetar til avlsgodkjenning. 

No er Fjorgyn gjennom kravet for godkjenning til NJCH. Ho har dei to siste dagane (20-21/7 -11) gått ein todagars bandhundprøve og får truleg 1. premie og dermed er kravet klart. 🙂

Fjorgyn har no vore stilt på fire eksteriørutstillingar, og resultata er slik:
      1 JK 1 JKK
      2. UK
      Exc. BK 1. BKK CK Cert 1.BTK BIM
      Exc. BK 1.
Og dermed er også eksteriørkravet for NJCH oppfylt.

Fjorgyn med andre bukken sin

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Geir Gjertsen | Svar 07.04.2013 15:34

Du må legge ut nokre bilder av dei siste kvelpane som er komen i mars i år Kor mangen kvelpar fekk dere i år?

Leiv Trygve 07.04.2013 16:43

Det vart diverre ingen kvelpar etter siste paringa med Fjorgyn, så no kan det kanskje bli nytt kull seinhaust/tidleg vinter.

Ana Maria Addington | Svar 11.03.2013 00:18

hei! ser dere skal ha kull nå i Mars, er alle valpene solgt? :)

Leiv Trygve Varanes 11.03.2013 18:53

Eg har nok fleire kjøparar enn eg kan forventa at det er kvelpar i tispa, det er omkring ei veka att til fødsel og eg er enno usikker på om ho har kvelpar.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.11 | 09:44

Hei!Skulle gjerne hatt ei svarthundtispe som jaktpartner på elg/hjortejakt. Jeg jakter elg og hjort fra september til desember flere dager i uken.

...
14.07 | 21:04

Det blir ingen nye kvelpekull her hos oss før tidlegast haust 2019 eller vinteren etter.

...
08.07 | 21:12

Skulle gjerne hatt meg ei svarthundtispe til jakt/prøver og utstilling. Kan jeg sette meg opp på noen liste?

...
23.05 | 22:29

Min väninna vill ringa till er, men vi kan inte hitta något telefonnummer.
Tacksam för telefonnummer.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE