Ny NJ(B)CH

13/7 -17 fekk me gått ein bandhundprøve men Lagopus av Bjønnsteg. Me såg åtte hjorter og sjølv om det var vanskelg vind så gjorde ho seg fortent til og no er kvalifisert til titelen NJ(B)CH, Norsk jaktcampion for bandhund.

Gamal Bjønnsteg veteran

Me fekk ein veteran på besøk. A-Rapp av Bjønnsteg var fødd i mars 2004 av Fanta og Bas. Han er dermed 13 år og firer månar. Merka av anderen, men det må vera lov!

Pondus av Bjønnsteg vart henta

9/7 -17 vart Pondus henta/overrekt til sin nye eigar Gunn Hege Jordmoen. Ho kom heilt frå Tolga i Østerdalen utan å vita noko om sin nye bursdagspresang. Han vart hjerteleg godt motteken.

Peik reiser heim

I dag  vart Peik av Bjønnsteg henta av sin nye eigar Aksel Øren og reiser heim til Fiskå i Vanylven for å bli medhjelpar på hjortejakta. 

Treng du ny jaktkammerat?

Peik av Bjønnsteg NO41437/17 treng ein ny eigar. Kjøparen har no eit oppleg med meir utanlandsopphald enn planlagt og får derfor ikkje tid til å følga han opp slik planen var.

Siste nytt

I dag 1. juni vart Pan av Bjønnsteg henta av sin nye eigar, og her har han fått sin aller fyrste kontakt med Atle som tar han med ser heim til Aure.

Onyx sin fyrste utstilling

Bjørn Andre stilte Onyx av Bjønnsteg på den fyrste utstillinga og det gjekk så bra at han vart den tredje beste hannhunden, han fekk exelent og CK. Han treng noko meir utstillingstrening og bli litt rolegare i "stemmebruken" Dommaren Terje Lindstøm uttrykkte det slik at om den hadde vore menneske så ville "han vorte politikar".

Elghund utstilling

Dei tre beste hannhundane på Hordaland EHK sin utstilling 20. mai. Onyx av Bjønnsteg vart berre slegen av nr 1 -Vossasvarten`s D`Alfa og nr. 2 Castor av Aktehaugen og det enno at han var den yngste av desse, berre 10 månader.

Siste nytt

3.mai.
Kvelpane er no 20 dagar og i dag fekk dei sin fyrste fellestur ut i sola, Dei krabba rundt og koste seg.

Siste nytt

Kvelpane er no blitt runde og gode og snart tre veker.

Siste nytt

På skjærtorsdag 13. april fødte Lagopus av Bjønnsteg seks kvelpar. Det var fire hannar og to tisper.

Orakel reiste heim

13. september -16

I dag vart Orakel av Bjønnsteg henta og reiste heim med Liv Haukås

Onyx vart henta

9.september -16

Onyx vart henta og skal bli nytt familiemedlem hos Gjertsen i Rognaldsvåg.

Kaiser av Bjønnsteg var også med på hentinga, og helsa på sin nye leikekammerat.

Njord av Bjønnsteg reiser heim

14. juni 2016

Sjur Børve var og henta Njord heim til Fresvik i Ullensvang. Han vil nok etter kvart bli med på jakt både etter hjort og villrein.

Njord av Bjønnsteg

30. april-16 Kvelpen er blitt 14 dagar i dag, og vekta er no 1242 gr. Det er ein hannkvelp som er heilt reint svart.

Vanskeleg fødsel

Lørdag 16. april fødte Fjorgyn ein kvelp tidleg morgon, men det kom ikkje meir før me reiste til veterinær. Då greidde ho å føda ein stor hannkvelp på 416 gr. Det var ikkje fleire kvelpar. Den minste kvelpen døde 17. april

Nye kvelpar er ventande

NJ(B)CH Fjorgyn av Bjønnsteg vart 10.februar para med F`Bamse av Elgberget, og dermed kan me venta nye Bjønnstegkvelpar i veke 15.

Telemarsprøven

NJ(B)CH Hero av Bjønnsteg har også i år stilt på Telemaksprøven for bandhundar i Sauland. Han gjekk bort og vann prøven med 88 poeng, og med det vann han og Arne Hanssen vandrepremien for godt. Hero vann prøven også for 2013!

BIS VALP

Dommaren Per Ø. Halmrast gav Lagopus denne kritikken:
Meget lovende. Flotte bevegelser, Korr.hode, pene øyne og ører. Sterk Kvadratisk kropp. Bra hale. Velv. sterk benstamme. Flott farge og pels. Tiltalende gemytt.

BIR VALP og BEST IN SHOW VALP

Tisleia utstilling

Lagopus av Bjønnsteg stilte opp på kvelpashow hos Hallingdal og Valdres Elghundklubb på Tisleia utstillinga 25. mai 2014. Ho konkurerte med ein Jemthund og slo den ut.

Kvelpane reiser heim

Lucky Bobben av Bjønnsteg vart henta for å reisa heim med sin nye eigar Håkon til Ulefoss i Telemark. Med på turen over fjellet vart også søstera Luna som skal vidare til Vang ved Hamar.
Etter at også Lobelia av Bjønnsteg reiste til Åseral i dag 29/12 -13, er berre Lagopus att heime med mora.

Kvelpane reiser heim

I dag 29.12.2013 vart Lisa av Bjønnsteg henta av Line og Egil for å bli bandhund i Bygland.

Fire veker gamle

Kvelpane har no blitt over fire veker. Siste veka har dei fått litt kvelpafor. Dei utviklar seg svært fint og har allerede uvanleg god haleutvikling, dei krøllar seg meir og meir. Hannen vog 2050 gr, største tispa var 1935 gr, to vog 1550 gr og den minste var 1424 gr.

Kvelpane veks fint

Kvelpane er no fem dagar. Hannen som er størst veg 554 gr. og tispene fordeler seg slik; 544 gr, 398 gr, 339 gr og den minste er 320 gr.

Siste nytt

I dag var det født kvelpar hos Kennel Bjønnsteg!
Det vart fem kvelpar som var svært jevne og fine. Fire tisper og ein hanhund.
Berre ei av tispene har ein kvit flekk i bringa. Med dette er det født totalt 134 kvelpar i kennelen, 71 hannar og 63 tisper.

Hero av Bjønnsteg har oppnådd NJ(B)CH

Arne Hanssen har no fullført vegen mot Jaktchampionat med Hero Av Bjønnsteg. Han gjekk todagars separatprøve i SørTrøndelag 11.-12. juli -13 og får 1. premie etter gode fyrstepremiar begge dagar.
Etter at Hero no vart ført til vinnar av Telemarksprøven med 84 poeng og fyrste premie på ein samlaprøve, er alle krava innfidd til NJ(B)CH.
GRATULERAR OG VELKOMNE ETTER ALLE ANDRE BJØNNSTEGHUNDAR!

Hero av Bjønnsteg vann Telemaksprønen

Hero av Bjønnsteg deltok 3.-4. august -13 på Telemak EHK son årlege samlaprøve i Sauland. Laurdag var det eit forferdeleg dårleg prøvevær med enormt mykje nedbør og torden. Alle sju hundane gjekk då upremierte, men Arne Hanssen og Hero fekk då også høgaste poengsum, 71 p, men mangla sporing. På sundag førte Leiv Tr. Varanes Hero til 84 poeng og 1. premie. 
Hero av Bjønnsteg vann dermed Telemaksprøven og fekk fyrste napp i vandrepremien for Telemarsprøven. 

Kennel Bjønnsteg fekk Hederspremien i Oppdretterklasse med ei gruppe av hundar frå fire ulike kull. I gruppa stilte Torstein Mehus med Camira, Arne Hanssen med Hero, Frode Aakre med Ilo og Magnar Sollesnesmed Jona. Gratulerar alle saman! 

Dagens Vinnar

Ja,til slutt vart Ilo av Bjønnsteg kåra til vinnar av heile utstillinga og vart betre enn gråhunden Tico NO34175/12 til Ann Kristin Øyen.
Dommar var Bjørn Bjerketvedt

Best i rase

Ilo av Bjønnsteg vart så kåra som BIR og slo Ella fra Zippo som då vart BIM 

Gratulera Frode og Ilo

Ilo av Bjønnsteg gjorde ein fin figur på Hordaland EHK sin utstilling. Han fekk sit fyrste sertifikat 

Siste nytt

Det vart ingen kvelpar etter den siste paringa, Fjogyn var tom. Det kan bli ei ny paring på den neste løpetida, men det blir berre dersom ho ventar slik at ho kan vera med på det meste av kommande jakttid 

Fjorgyn av Bjønnsteg vart para med NJ(B)CH Raiko 17. januar 2013. Dersom det går bra no så ventar me kvelpar før påske. Forventa fødsel blir kring 18. mars.
Her vil det bli topp jakthundar.

Fine utstillingsresultat

Under Seljorutstillinga gjorde Isis av Bjønnsteg ein fin profil. Ho fekk exellent, CK, Cert, 1 BTK og BIM. Ho vart berre slegen av hannhunden Vossasvarten's Birk. 

Kumba av Bjønnsteg på utstilling

Under Seljorutstillingan som Telemark EHK arrangerte i Gvarv 1. september -12
deltok Kumba av Bjønnsteg.
 Ho fekk tildelt sin fyrste premie som vart ein velfortent Exellent.😀

Isis av Bjønnsteg på jaktprøve

Under Klubbkampen mellom Hallingdal-Valdres EHK, Telemark EHK og Hordaland EHK på Golsfjellet 18.-19. august -12 deltok Isis av Bjønnsteg på sin fyrste bandhundprøve. Ho enda på ein delt andreplass med Børvelia's Ira, fekk 81 poeng og 1. premie.
Hordaland EHK vann klubbkampen med tre fyrste premiar.

Oppdrettarklasse i Uskedalen

Kennel Bjønnsteg stilte oppdrettarklasse på Hordaland EHK sin utstilling 26.mai -12
Dommaren Nils-Erik Haagenrud hadde denne kritikken:
En godt samensatt gruppe hvor oppdrettter har fått fram det rasekarateristiske på en meget god måte. Homogen gruppe som gis hederspremie.
 😀 
I gruppa deltok f.venstre: Ilo av Bjønnsteg NO37499/11, Felix av Bjønnsteg 24131/08, Isis av Bjønnsteg NO37502/11 og Jona av Bjønnsteg NO40095/11 

Ilo av Bjønnsteg sin fyrste utstilling

Frode Aakre stilte Ilo av Bjønnsteg på eksteriørutstilling for fyrste gong 26.mai 2012. Han vart vurdert til excelent, vart nr. 2 i sin klasse og fekk CK.
Han er ein svært lovande hannhund.

Hero vann utstilling

Det vart ein stor dag for Arne Hanssen og Hero av Bjønnsteg. Dei stilte på Hallingdal og Valdres sin Utstilling på Vasetdansen 20. mai 2012. Resultatet vart Exc Bk 1.BKK CK CERT 1.BHK BIR og BIS

I dag 4. september reiste den siste kvelpen heim til nye eigarar. Og dermed er dei spreidd omkring i landet.
Fem stykker er att i Kvinnherad. To har flytta til andre stader i Hordaland. To for til Sogn og Fjordane. Ei til Nordland, ei til Troms, ein til Rogaland, ei til Telemark, ein til Hedemark og to tisper til Buskerud.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

lars.magne holmedal | Svar 14.05.2014 23:20

håper heimesid vert .ført vidar i år.det er ei god sid. mange fine bilder.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.11 | 09:44

Hei!Skulle gjerne hatt ei svarthundtispe som jaktpartner på elg/hjortejakt. Jeg jakter elg og hjort fra september til desember flere dager i uken.

...
14.07 | 21:04

Det blir ingen nye kvelpekull her hos oss før tidlegast haust 2019 eller vinteren etter.

...
08.07 | 21:12

Skulle gjerne hatt meg ei svarthundtispe til jakt/prøver og utstilling. Kan jeg sette meg opp på noen liste?

...
23.05 | 22:29

Min väninna vill ringa till er, men vi kan inte hitta något telefonnummer.
Tacksam för telefonnummer.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE